Stillingen er satt passiv

Se andre aktuelle stillinger eller gå til forsiden.

Nettredaktør Altinn - Digitalisering

Oppdragsgiver: Brønnøysundregistrene

Brønnøysundregistrene er en sentral aktør i digitaliseringen av det norske samfunnet. Vi driver 17 av landets viktigste registre og har forvaltningsansvaret for Altinn. De fleste av våre 560 medarbeidere jobber i Brønnøysund. Vi har også kontorer i Narvik og Oslo. Mer om oss på brreg.no og altinn.no

Antall stillinger:
1
Arbeidssted:
Brønnøysund
Nøkkelord:
Søknadsfrist:
14.01.2019
Gå til søknadsskjema
Bli med på å skape eit enda enklare og meir brukarvennleg Altinn


Altinn lanserte hausten 2017 nytt design på altinn.no. Tilbakemeldingane har vore gode og det nye designet av altinn.no vann nyleg IXDA prisen 2018 for framifrå interaksjonsdesign der brukaroppleving står i fokus. Vi søker ein engasjert nettredaktør med stor interesse for digitale medium for ein av dei viktigaste og mest besøkte offentlege nettstadene.


Du blir ein del av eit stort team med lidenskap for god brukaroppleving, som er med på å skape nyttige digitale samfunnsløysingar. Du vil få redaktøransvaret både for www.altinn.no og for informasjonsportalen for Altinn sine tenesteeigarar – www.altinndigital.no. Du får ei viktig rolle i vidareutviklinga av Altinn og får vere med å bestemme korleis vi forbetrar eksisterande løysingar og designar nye løysingar. 


Arbeidsoppgåver

  • leie arbeidet med utforming/revisjon av innhaldsstrategi for altinn.no og altinndigital.no
  • sørge for at altinn.no og altinndigital.no er i tråd med gjeldande innhaldsstrategi
  • løpande prioritering og utforming av innhald til altinn.no og altinndigital.no
  • delta i vidareutvikling av Altinn slik at løysinga møter behova til brukarane
  • implementere og kontinuerleg revidere rutinar for innhaldsarbeid for altinn.no og altinndigital.no
  • vere oppdatert på trendar for nettstadsutvikling – og vurdere desse for Altinn
  • organisere samarbeid med innhaldseigarar (tenesteeigarar) på formålstenleg vis
  • løpande koordinering med redaksjonar for Starte og drive bedrift og brukerstøtte


Kvalifikasjonar

  • 3-5 års utdanning frå universitet eller høgskule innan mediefag/kommunikasjon eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.

Vi vektlegg at du har:

  • erfaring frå nettutvikling og prosjektleiing, gjerne frå større offentlege nettstader
  • god kunnskap om EPiServer publiseringsverktøy og digitale medium
  • erfaring som nettredaktør
  • kompetanse og erfaring med søkemotoroptimalisering
  • kompetanse og erfaring med webanalyse
  • kunnskap og erfaring med designprosessar og metodikk for brukarvenlegheit
  • kunnskap og erfaring med retningslinjer for universell utforming
  • du må kunne kommunisere klart og tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg. I tillegg føreset vi at du har gode engelskkunnskapar.


Personlege eigenskapar

  • det er sentralt at du har gode samarbeidsevner og er kreativ og brukarorientert.
  • du bør ha evne til å sette deg inne nye problemstillingar, vere løysingsorientert, strukturert og analytisk.
  • du må like å jobbe saman med andre i eit hektisk miljø med varierte arbeidsoppgåver.
  • du må ha evne til å jobbe sjølvstendig og kan bidra med nytenking/innspel innanfor fagområdet.
  • du må og kunne jobbe i team og kommunisere godt både med eksterne og interne fagressursar.


Vi tilbyr

  • eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg

Arbeidsstad er Brønnøysund, men plassering ved kontoret vårt i Oslo kan også vurderast.


Stillinga er fast og for tida plassert i digitalisering, seksjon plattformutvikling. Stillinga er lønna som rådgivar med årslønn kr. 449 400-607 700 per år eller som seniorrådgivar med årslønn frå kr. 524 200 - 848 800 per år, avhengig av utdanning og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.


Ein arbeidsplass med stort mangfald
Som IA-etat (Inkluderande Arbeidsliv) er vi opptekne av mangfald og ber kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell eller etnisk bakgrunn.


For å bli vurdert som søkar må du legge ved CV og vitnemål/attestar ved den elektroniske søknaden.


Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjema. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinfo:Andreas Gjertin Rafaelsenunderdirektør(+47) 958 21 369
Reidun Mildeseniorrådgiver(+47) 971 48 174
Vennligst oppgi i din søknad at stillingen ble funnet på teknojobb.no
Gå til søknadsskjema

Andre aktuelle stillinger

For nyutdannede og studenter

Start din karriere her og skaff din første IT-jobb. I vår stillingsdatabase finner du en lang rekke IT-stillinger som passer perfekt for nyutdannede.


Om du fortsatt studerer - snart er ferdig med bacheloren eller mastergraden, er det meget lurt å se seg om etter en arbeidsplass. Flere arbeidsgivere er stadig på jakt etter studenter som kan vikariere om sommeren, og om man gir et godt inntrykk er det ikke umulig at man kan komme tilbake etter endt utdanning.


Det vil uansett telle positivt å ha sommerjobb på CV-en. Trainee-stillinger er også meget populære blant nyutdannede som ønsker erfaring.

Jobbsøknaden

Når du som arbeidssøker har siktet deg inn på drømmejobben og er klar til å skrive søknad er det et par ting du bør ha i bakhodet.


Enten du er nyutdannet eller har lang erfaring kan det være lurt å friske opp hukommelsen om hvordan du skriver den ultimate jobbsøknaden. Ta en titt på Hardware.nos guide til hvordan du går frem. Se også NAV sin guide på hvordan man skriver jobbsøknad.


Sørg for at LinkedIn-profilen din er oppdatert før du sender søkanden. Bruk gjerne også sosiale medier til å promotere deg selv.

Vær forberedt til intervjuet

Du har endelig blitt innkalt til intervju. Du skal inn for å vise dine beste sider. Kanskje forhandle lønn, få inntrykk av arbeidsmiljøet og mulige fremtidge kolleger - nå er det viktig å være godt forberedt.


Sett deg godt inn i hva bedriften driver med, hvilke arbeidsoppgaver og utfordringer du kommer til å møte.


Les deg opp på hva du bør gjøre både før, under og etter intervjuet ved å lese Hardware.nos guide til hvordan du gjennomgår jobbintervjuet.

Til toppen